Kva i alle dagar er det, er det stopp, er det til høgre eller venstre ?  nei det er når vi monterer  ei kjede med mange moment å testar om hund skjønnar kva vi formidlar til den med signal frå fløyte og handsignal.

Når skal dette brukast ? Det er det verktøyet vi må trå til med er vi uheldig med linja vår, eller hund går for langt eller for kort eller skeivt.

Korleis bli god på dette, ja det er mange veier til rom og eg skal ikkje avsløre alle for det kan eg ikkje, men eg er flink til å lese hund å tilpasse til den hunden eg trenar, trene den i rett modus opp mot det eg skal lære den.

Det aller viktigaste er at vi ser ein mal, kva har vi bruk for og korleis vil vi ha vår hund..

Ja då er saken lett 🙂

Har vi wp-hund så må vi bruke tid å la all trening modne før vi gir hund for vanskelege moment, er hund berre litt usikker kan den gå i lås og då er det veldig fort gjort at vi må gå eit stykke tilbake i treninga.

Ein hund kan gå i lås sjølv om den berre spring og spring att og fram, den klare ikkje å konsentrer seg, så det er ikkje alltid det er den raskaste til beins som gjer den beste jobben sjølv om det kan sjå slik ut for eit utrent auge.

I tillegg til å springe skal det også kunne søke når dei for beskjed om det, og «kun» då. Dette er det vi som handla som bestemmer når det signalet blir gitt, er det fritt fram å søke til funn på det aktuell området.

Tar vi ein akse på 100 meter setter  to merker som vi som handla ser kvar vi skal sette hunden i jobb, graver ned gjømer godt den som skal søkast opp, sender hund til enden av aksen, no problem, men husk kun 1 kommando frå fot, kun eit «ut». ( det er ein vane vi skal etablere) neste eller når det spiller ingen rolle, men vi tar inn stopp punkta. Etter det skal hund gå rett linja utan å stoppe på stopp punkta, det vil sei den høre godt etter kva vi vil det skal gjere, ja her er nøkkelen, går hund då dei 100 metarane, ja utan å stoppe, vi skal kun bruke ein kommando frå fot «ut»

Etablere gode vaner tar tid, her skundar eg meg sakte og det er kun til eget bruk hobby, er ikkje sikkert eg kommer til å vise det fram anne enn på film. Målet er å ha så gode rett linjer at eg slepp å handle på ei prøve  🙂

Det handle om å vente på signal, ikkje gjer noko før signal kommer, gjer det du har fått beskjed om til neste kommando kommer. Ja så enkelt er det !

I handling skal ikkje hund tenke så mykje sjølv, den skal gjer det den får beskjed om…

Når eg testar Bjørk brukar eg blindt, då må ho berre høre på meg og ikkje tenke sjølv fordi ho har verken sett eller hørt noko.

På ei prøve blir det til det ho ser masse høre masse, men skal kanskje løyse ei heilt anonym oppgåve utan noko påverknad, så lett er det ikkje.

Her er ein liten film frå blind test, Bjørk har ikkje så stort tempo, det er slik ho er når ho ikkje veit kva som kan skje, ho lyttar med andre ord og då legg ho seg litt ned i tempo.  Bjørk  går til kommando og ho kan oppgåvene, flink er ho ! På filmen høre dokke ikkje fløyta, eg var vent bort frå kameraet så lyden kom ikkje med. Det er ikkje ofte eg testar stopp på ei lang linje, dette på grunn av at eg ikkje vil ha unødig stopp, men her har eg både stopp, i tillegg gjekk ho litt for langt måtte kalle litt tilbake før søket kom. Den siste appporten var eit side teikn med direkte søk på kommando utan stopp.