Dag 2. Plask vinner i kl 2, Bjørk nummer 2. ingen tvil om at eg er glad for å få vist fram at vi kan 🙂

Kjekke stevne helg på Averøya. Averøya utsette stevne i staden for å avlyse tidligere i år, å ja det var veldig bra for oss, og mange andre.

Rallylydigheit, ja det var ein sport eg ikkje skulle drive med 🙂 er ikkje mange år sidan eg sa det. No er det ikkje slik lenge eg har endra meining å synast rallylydigheit er ein fin sport. Det er ein sport for alle og det meinare eg.  Veldig kjekke folk rundt ringen, oppmuntrende ord og fine gode kommentarer om løpet til kvarandre.

Rallylydigheit er vanskelegare for oss enn for hund, dette med å lese skilt, gjer det som står der rett, gjer vi det feil eller for eit ekstra moment «er det disk»

For meg er det å hive inn på ein kopp kaffi eller ein koffintablett 🙂 Hjerne må være på skal eg klare å komme igjennom ei bane uten å bruke opp repetisjonane mine. ( her er det med å kunne repeter er bra gjer vi ein feil)

Målet er så klart å komme igjennom utan for mange trekk og få så høg poengsum som råd 🙂

Vi har gått 2 dobbelstevner i år , i tillegg har vi gått appellkupen til SHK og klubbmeisterskapet.

Dette med appellkup og klubbmesterskapet må eg rose SHK for, dette gir virkelig konkurransetrening og vi spissar sansane mot å få trent på konkurranse situvasjonar.

Det eg kan skryte av er at Bjørk og eg ikkje har diska ein einaste gang  🙂 og det må eg rose meg for og ikkje hund 🙂

Bjørk går hardt og fort på rallykonkurranser og kan være vanskelig å styre, men gode hundar skal ha trøkk så det er bra!

Plask er berre flink, ho er velig WP -hund og på grunn av at ho er ung og eg trena også LP- med henne, ho kan være litt usikker i nokre moment «ennå» vi pådrar oss derfor litt ofte rep. Plask vil gjerne inn på plass fort og er ikkje så flink på å stoppe framom endå, men det kommer!!!

I helga gjor vi litt reint bord i kl 2, den første dagen tok Bjørk 1 plassen i kl 2 og vi vant ein haug premiar og heder og ære

Dag to vant Plask kl 2 med 197 poeng, 1 pr, 1 plass og direkte opprykk til kl 3. YES!

Bjørk blei nummer 2 med 1 pr 193 poeng og direkte opprykk, men dette var Bjørk sin tredje 1 pr, så det er kl 3 neste gang for henne, no skal oss søke om mellomtittel til Bjørk…

Legg ut filmen av Plask sitt vinnar løp, som vi ser har vi ein hund som villig følger meg og kva er det, jau nemlig ein god fot, det er det vi treng i rally, i LP og eg kan no nemne at vi treng det i jakttrening også, så sporten rally er nok ein lang fot med momenter for meg og min hundar.