Eksplosiv

Bjørk er eksplosiv i rallytrening og heime 🙂 ho har store forventingar til livet og det er gøy å leve livet synast ho !

Bjørk er veldig glad i alle og går neste i taket når det kommer nokon og bygger veldig fort opp forventingar, sjå meg sjå meg.

Bjørk har eit fantastisk gemytt ho er glad i alle, ho vil aldri gjere eit utfall mot nokon er berre glad.

Ein hund eg er veldig trygg på i forhold til andre hundar og folk. Bjørk er ikkje redd høgder eller glattegolv, bilar, bur el kva det måtte være, men ho kan å gi beskjed om at her vil eg ikkje være når du er der, eller du helde på med Plask 🙂 Bjørk har ein sterk konkurranse vilje og eg trur det er det som gjer at ho klare seg så godt over alt, ho vil berre være nærmast og best.

Minuset er at ho er alt for klok, det er ein hund ein ikkje kan lure for lenge. Så lure trening er ikkje for henne, ho gjer ein jobb som ho kan veldig bra, ikkje ein jobb som ho ikkje kan, den må eg lære henne først, då gjer ho jobben med fart og stil. Vi er såleis over på individ trening og det må ein være flinke til har ein fleire hundar som ein trenar til dagleg.

På denne filmen ser ein lit kva eg meinar, Bjørk bygger opp forventninga til at no er det vår tur og eg går så fort og bra som eg kan, ja ho blir litt for glad plutseleg og velje å hoppe på meg, det føre til trekk for berøring( fk) i rally, 3 poeng så det står vi i. Så er vi over på at ho etter hoppet slår nas i golvet å for trekk for snusing (s) som er 1 poeng trekk. Vi for også ein repetisjon for di ho er høg og går fortare enn eg klare å handle rett, ho går rundt inn på fot i staden for direkte inn på fot.

Bjørk gjekk eit flott løp synast eg, her er det fart og det vil eg ha, det er berre å henge på. Når eg skal gå ei bane, også når eg trenar bane, så trenar eg bane, og det vil då sei vi kan skilta og går ein bane utan belønning i bana, men eg belønnar før eg starta og fortell hund, ja nå er det din tur, Bjørk blir veldig gira av den kommandoen, ho veit når vi er ferdig kommer belønninga igjen 😉 Har vi etablert den adferden er det ein fryd og kjøre rally 🙂 PS. vi trenar skilt med belønning, og bane ikkje veldig ofte 🙂