Det er viktig å trene på det ein ikkje kan, no har eg hatt ein tørn med å få Plask til å skjønne nær-søket utan at eg brukar hand mot bakken i tillegg til fløyta. Ja vi klarte det nesten, ho blei flinke og eg sette derfor inn litt distraksjon i tillegg, kast med favoritt dummyen hennar 🙂 Når vi kasta nøler ho litt før ho starta å søke, men Plask er rå flinke, gulle til mor!

Vi har eit nytt moment som vi må få befesta, nærsøke utan å hjelpe til med handteikn. Momentet består av å søke der du er og ikkje tenke på andre ting som du har sett, ja som det kaste eg gav henne som distraksjon. Her handlar det om å pugge leksa sjølv om ein er hund og det må vi legge til rette for, husk det! Mengde trening på moment skader ikkje. Det handlar egentlig om å kunne dette signalet nærsøk,«fløytelyd» over alt og starte raskt når signalet blir gidt.

Når vi tar oss ei ruslerunde legge vi inn eit og anna moment som vi vil bli betre på, ikkje lange treningar, men ei ti minuttar helde lenge det. Å ja ein kan bli rå flinke på korte økter der vi har eit mål med treninga og veit korleis og kva vi skal bli betre på.

Det eg jobbar mest med er markeringsarbeid, ja vi blir ikkje for heite av å jobbe med det, men vi blir betre og det er det som er målet. I dag blei det jo ei kort økt med nærsøk i staden for markering når vi gjekk oss ein tur.

Flinke Plask, ho trenar på det som skjer etter stopp, det er noko vi trenar ofte, men ikkje så tøft som dette. Her har vi innført sterk distraksjon og kun start med fløyta utan å hjelpe til med handsignal. Plask nøler litt og lure på kva i hendels dette er for noko, grunnen er nok at som oftast ser ho dette som ei markering som vi kastar frå fot, men no skal ho gjer noko heilt anna enn å hente dummyen som vi kasta. Her skal vi forsette å trene tøft slik ho skjønnar kva ho skal. Plask skal gå tilbake til å være like rask å starte opp å søke som ho er utan distraksjon, om at og om at er nøkkelen til suksess.