Eg nemnte litt tidlegare eg skulle lage litt film om korleis eg jobbar for at vi skal få gode vinklar til høgre eller venstre, ønsket er mest muleg ha 90 grader. Det har dratt litt ut då eg ikkje jobbar så mykje med Bjørk. Eg oppdaga litt tilfeldig at Plask hang så etter i progresjon at eg måtte tenke meir på henne for å henge med, så Bjørk er litt på pause inn til vidare. Bjørk er flink, men det er begrensa kva eg klare å få til med ein «elite hund», utan litt meir makketrening av hund på henne nivå. Når det er nemnt, så får Bjørk vedlikehaldstrening og eg satsar til neste år også så klart  🙂

Plask kommer fort etter no når det gjekk opp eit lys for meg at her måtte eg skjerpe meg og tenke progresjon, rett progresjon.

Filmen handlar om  kryss, å få hund til å gå rett vinkel 90 grader, etter ein stopp på ei rett linje, måle er også å få hund til å gå rette linja lenger ut etter vinkelen, så når eg trenar dette så er teikne for side innlært frå før.

Rette linja ligg til grunn både ut og inn det er aller vitigaste momentet og det eg trenar mest.

Når vi er over på dette med korleis hund går til sides, så er vi over på temaet «korleis» hjelpemidlar igjen, naturleg vegetasjon er det beste, slik hunden spring der som er  «rettast og lettast» Gjerder er også ein fin ting å nytte, til både over og rett ut og rett til høgre enn til venstre framom gjerde og bak gjerde.  Også synlege kvite kloss dummyar, men då må vi også ha ein god linje og hund som kan springe rett forbi utan å ta eigne val. ( Her vil eg at hund høre på oss, eg vil ikkje diskutere med hund om dette, gjer som du har lært, har vi ikkje hund som kan dette så må vi pugge meir på det vi skal kunne før vi startar med krysstrening.. ) For meg er det å springe forbi krysset rakt som er det aller viktigaste i dette momentet. Eg stoppar heller ikkje hund utan eg vil den noko, det høyre med til sjeldanheita at er stoppar hund og sender den lenger rett ut på same linja 🙂 Vi trenar så klart lenge ut av og til, men ikkje berre for å sjå at hunden starta då å stoppe i påvente av ein stopp  🙂 dette er mine hundar og eg trenar som kjent individ, så ingen regel utan unntak !! 🙂 DERFOR bør alle kjenne sin hund sin linje for å gi den den beste treninga 🙂

Plask er også starta på dette så eg har masse  godt kjekt arbeid foran meg 🙂 herlig. 😉

Blir det tid, så er det muleg eg kan få noko til hjelpe meg med litt meir film om dette teamet om litt 🙂