I går var det klubbmeisterskap i jakt på Sunnmøre, det blei arrangert som uoffisiell WT og med 4 postar.

Moro, og veldig kjekt det var mange som deltok og det blei  ein veldig kjekk sosial dag for oss tobeinte også, 25-26 ekvipasje delt på alle klasser.

Eg stilte Bjørk og Plask 🙂 nokre korte ord om postane, fin WT- konkurranse der postane var overkommelege for alle  i den klasse vi stiller. AK og EK var i teorien like, litt lenger avstanda i EK eller i AK.

Post 1. var ei rimeleg lang enkel markering med lite referanse og hund såg ikkje kvar dummy landa, verken i AK eller i EK.

Post 2. dobbel på linje, valgfri apportering i AK, i EK den først landa, (den nærmaste oss) Mellom post 2 og 3  var det fot.

Post 3. Enkelmarkering i skogkanten, hund ser ikkje nedslag, ikkje vi tobente heller ser kvar den landa, men vi ser godt retning og dybde på apporten, det ser også hund.

Post 4. To oppgaver, det blir droppa ein dummy der post 3 sin dummy landa, i tillegg ein markering på åpen mark, med lite referanse, dirigering skulle inn først.

Plask i AK. Post 1. Plask vingla veldig på hodet og vart så opptatt av dei som stod og prata og var tilskuer eit stykke unna, men ho klarte likevel når skuddet gjekk å holde fokus på apporten til ho skulle hente, Yes 20 poeng! Fungere med mykje rundt seg er noko ein må trene, så det er positivt med publikum og prat og mykje som skjer, hund skal lære å fokusere på jobben.

Post 2. Her fekk vi ein null, men du den var god for meg, det var ein dobbel på linje og Plask gjekk medan apport to var i lufta. Eg har jobba ein del for å auke fokuset og drage mot apportar slik ho skal bli ein betre markør, yes ho spikra begge to, sjølv om det var knall og null, eg vil ha henne slik ho er meir på og det er ein hund som knallar, alle gode hundar knallar, yes no kan eg også sei det om Plask 🙂

Post 3. Enkel markering i skogkanten, der bommar ho litt på markeringa, eg også 🙂 ho gjekk inn i skogen i hjørnet, søkte aktivt litt lenge,  etter litt kallar eg litt heim for å vinkle ho til venstre og gi søk signal, då fekk ho den i nasa så det blei 12 på den posten.

Post 4.  På den posten blei det litt mykje signal i dirigeringa vår så vi misser poeng her, del to av post 4, markeringa løyser ho eksellent, det blei 12 på den posten også. Veldig god konkurranse kjøring dette, og det treng vi skal vi bli gode. ÅÅ det skal vi!

Bjørk i EK, Bjørk har rutine og er ein habil markør og det er ein fordel på WT-konkurransar.

Post 1. Enkel markering med god lengde, skjult nedfall, vi ser dummyen i lufta, Bjørk har god fokus og markerar presist som vanlig, ho kjøre så og sei snorrett rett på dummy, slakker ned nokre meter før, plukker opp og snorrett tilbake 🙂

Post 2. Dobbel på linje, nærmaste inn først, begge kasta blir kasta fra samme punkt og ikkje så langt fra kvarandre, så ein må være på.  Bjørk setter kursen mot den sist kasta, det ser eg på linja ho velger, den sist kasta gjekk lenger ut fra kastarane, eg må då stoppe henne på høgd med den første kasta og sende ho litt til venstre. Bjørk stopper, men ho har ennå fokus på den sist kasta, så då venter eg litt før eg gir henne signal om den første, eit par sekund er alt som skal til før ho skjønner kva eg vil 🙂 18 poeng.

Post 3. Enkel markering i skogskant, ja den har vi på film og Bjørk markrar så presist, frå der vi står ser vi ikkje nedslaget, men vi ser det på filmen og det er bortimot perfekt, 20 poeng og velfortent Bjørk  🙂

Post 4. Er ein post med to oppgåver, også film av den posten. Bjørk tok inn 20 poeng her også, den posten var ikkje så vanskeleg for Bjørk, ein dummy blei plassert der markeringa på post 3 var, så markeringa på open mark, her ser vi av filmen at Bjørk har markert og eg stoler fult på at ho finn den fort, og det gjor ho utan hjelp !

Bjørk, klubbmeister i EK med 78 av 80 mulige poeng 🙂