Eg ser 1 der er 5 🙂

Kva er viktig å starte med tenker vi at, yes eg vil ha ein hund som eg kan gjer det bra med på jaktprøver og WT, ein god drøm alle med retriever skulla ha hatt  🙂 Då tar vi utgangspunkt i den hunden vi har, husk det!  Ein god hund er ikkje noko ein kjøper seg, det er den hund vi forvaltar å tar ut det beste av.

Ingen ting om avl og genar no, men ta ut det beste av det ein har for hand 🙂

Samarbeid kallar eg det, det må vi ha på alle hundar også i det dagleglivet, innkalling, gå fint i band, gå bak, vent på tur, vent på meg osv. Korleis vi utøver dette, eller kor perfeksjonistisk vi vil være er det som ikkje betyr så masse, bortsett frå at det er med små middel vi skal få hund til å være lydhør rundt oss.

Nesten alle retrieverar elska å bære på noko også å hente ting som blir kasta, tusenvis av ballgalne, pinnegalne retrieverar rundt omkring, ja det er heilt ok 🙂

Eg gjer mine hundar «LITT DUMMYGAL» er det behov for det. Kva eg ønskjer at min hund skal gjer, jo nemleg hente heim ein dummy/vilt så fort som råd.

Eg  liker å få fram vilje til å jobbe over tid, utholdeheit og ikkje berre hente å bringe heim noko ein kasta til hunden for å aktivere/trimme/stresse. Eg kaster derfor aldri snøball eller pinnar til mine hundar, skogen er full av pinnar og dei tar fort opp nokre å resar rundt med det i munnen, det for holde 🙂

Det er forskjell på hundar, det skal vi ikkje  fokusere så mykje på, men jobbe med det ein har, derfor kalla eg meg sjølv individ trenar.

Vi skal trene det vi ser i nuet ikkje det vi opplevde og såg av makkerhund, eller det vi såg for tre dagar sida på youtube.

1.Det som er lurt er å vite korleis vil vi ha vår hund ? Vil vi ha ein hund som kommer til oss fort å spontant når den har eit funn (ser vi det i nuet om vi har det)

2.Vi vi ha ein hund som søker til den gjer eit funn på det «lille 3 kvadrata som vi har vitra inn», eller hentar inn eit stor fritt felt utan innblanding ? ( ser vi det i nuet)

3.Gjer hund det den skal etter stopp ?( det ser vi i nuet)

I  desse tre tinga  ser vi korleis vår hund oppføre seg og det er vår hund vi skal fokuser på,  det handle om å legge til rette trening for individ. Skape den hunden ein vil ha  🙂

Det er veldig lett å la seg lure av ein retriever, dei elskar jobben sin med å hente og vi blir blinda av kva dei kan som dei eigentleg ikkje kan, men som dei utøver for di dei er hundar som skal ha dette medfødt som ballast, bringe heim. Forsette ein då å trene hund som at hund kan, og den ikkje kan, så møter ein fort veggen blir det AK, eller vi skal hjelpe hund med å hente noko som vi veit kvar er og hund veit ikkje..

Då må dei små brikkar som vi jobbar med fungere, derfor pugg oppatt og oppatt til det sitter, ja det vi vil vår hund skal kunne 🙂 sport er sport av og til null og av til seier 😉 livet med hund er bra!

Litt om filmen, her ser vi Bjørk trene grunnting, start søk på signal «kort lavt søk signal med fløyta» utan ekstra kommando som handteikn. Dette er Bjørk flinke til når eg er lenger vekk, men når eg står så nære tvila ho litt på kva eg eigentleg vil. Eg har også brukt handa i liten sirkel enten til  h, v eller fram om meg for å vise retning, det kan ho, men ho kunne ikkje godt nok oppstarting utan hjelpande signal.

 Derfor blir det pugg økt også på Bjørk.

Her har eg vitra inn ved å trakke rundt og gjømte 4-5 små dummy under mosen slik at nasa skal på, måle er, oppstart på signal fort og holde seg i det innvitra område, forlater hund område gå tilbake og sett hund på ny start. Det som eg også er ops på er å ikkje bruke meir enn eit start signal, stopper hund og ser på meg, eg finn ikkje noko… så venter eg ut, blåser ikkje fleire gangar. Såleis kun ein kommando på dette. Det som også er litt lurt å holde litt igjen før vi gir søk signal, slik at hunden tenker litt sjølv, min tanke er at hund skal høre på meg, ja og vente på signal.

Pugging, ja går hunden lei vil noko sei, ja det skjer, her ser dokke også at eg brukar ein over gjennomsnittleg god godbit, det hjelper 🙂 Bjørk er opptatt av å få godbit 🙂 og kva utløyse det, jo meir trening !

Trene dette som skjer etter stopp er noko eg har prioritert mykje i mi trening, har ikkje trent så mykje stopp, men det som skjer etter på, det er nemleg det som er viktigast ! Stoppe hund er veldig lett å få til, det andre må jobbast mykje med.

Ein liten del frå modul 2. stopp søk.

Dette er  stopp, å det trenar ein så klart ikkje før ein har stopp, ( 90 % stopp + – 10 %) prøve å feile gjer vi no alle av og til og det må til skal ein få progresjon. Vente på signal slik som vi ser Bjørk gjer på start signal trening er også viktig å gjer når ein stoppar hund og setter den i søk. Hund skal stoppe og vente på neste steg 🙂

Eg brukte dette etablerte område i tre moduler, først frå sit, så frå stopp til søk, til slutt lang linje og rett i søk. Her er frå Plask sin stopp og søk, her er også poenget at etter stopp er det konsentrert søk.

Eg har to språk på mine hundar stopp og søk der du er, søk i område utan stopp.

Ein god grunnmur har godt plasserte steinar som skal tole nokre gjordskjelv.

Dårlege grunnmurar slit ein med i heile husets levetid !

Hundetrening plukkast i småbitar og trenast bit for bit  på det som ikkje er bra til det er bra og sitter godt fast 🙂 Pugg !