Takk for året som har gått og velkommen til blanke ark og nytt år !

Så lenge det er liv er det håp 🙂 motto for 2020, gjer mykje av det som gir glede i kvardagen.

Planane for 2020 er litt endra, vi hadde planar om å ta kull både på Bjørk og Plask, men vi har ingen brukanes hannhund i sikte på noverande punkt, så vi legg det på is inntil vidare, det er mange kull på gang i Norge så kvalp til alle er her.

Eg vil prøve å bruke rette hundar i avl, ja som det er vert å avle på for rasen sin del.

Vi har kvar våre mala vi avle etter og det er jo også bra slik at fleire bein av rasa blir bevart.

Eg vil jo som dei fleste veit ha hundar med ein stor porsjon jaktlege eigenskapar, ja slik vi kan har muligheiter til å stille i høgare klasse og det er ofte litt misforstått kva vi treng, eller korleis hundar er som kan klare seg i desse klassane.

Mine hundar er nok rolege å «alt for lydige første året vil nokon påstå», og det må dei også være, det kommer ikkje av eg trenar dei for hardt, det kommer av at dei er utrusta med ein stor porsjon samarbeidseigenskap og hundar som har litt ekstra av det, kan bli litt usikre på kva, gjor eg det rett eller og av og til gå i lås. Når desse hundane blir riktig trena, så klare dei seg godt, ein hund som er trygg på oppgåva jobbar meget godt.

Eg bygger grunnmurar som er solide.   Ingen grunn til å slurve med grunnmuren for di vi har ein hund som vil være til lags.

Mykje eg ikkje vil ha og det er mykje eg vil ha 🙂 så for eg sjå om vi finn det vi er ute etter.  På neste kombinasjon skal eg også forsterke ein del eksteriør detaljer i tillegg til at ein del av det jaktlege må være der + + helse og den mentale biten må så klart være på første plass.

Så dei som venta på meir info om neste kull for berre smørje seg med tålmodighet 🙂

Over til andre plana då, yes det er det som er moro kjøre hund!

Bjørk, ja ho skal eg kjøre på ein del WT –prøver i år og det glede eg meg heilt vilt til, vi har nemleg gode ods på å klare oss bra, til WT er det muleg å gjer seg nytte av mykje eigentrening og bli god. Bjørk er god til B-prøve også, men det er mykje vanskelegare å trene mest åleine, derfor har eg ikkje så store forhåpningar til det lenger.

Så blir det ein god del rallystevne på Bjørk, ja det er jo så moro at konkurranse frelste som meg blir litt hekta, å ja det glede eg meg også veldig masse til. Her er vertifall det eg stiller Bjørk på i år om det blir noko meir for tida vise.

Lp, 30.01.01.02.LP- Averøya , Lp- Fræna 29.01-02, 12.07 Vestnes

Jakt, 19.04. WT Oslo, 30.05 WT Østlandet, 13.09. WT Østlandet kun flat, 03.10. WT Sunnmøre, 10.10. WT  Bergen ( + flatmesterskapet i Sverige)

Rally, Luster 01.05 trippel, 06-07.06 Frei/ Kristiansund, 29-30.08 Eide, 05.09 Averøy, 19-20.09 SHk Ålesund

Ein film i dag også, ja frå i dag, eg har noko eg kallar sekser (består av seks apportar) som eg bruker på vidarekomne hunda. I dag blei det enkel variant, men det veit ikkje Bjørk ho gjor alt nesten rett, men opplegget mit var ikkje heilt fullkomme, dette på grunn av is, igjen gløymte merkeband i bilen, sterk vind.  Alt er blindt ingen huske linjer el, Bjørk ligg i bilen medan opplegget leggast, kraftig vind så det bråker på filmen. Momentet er ( 2) tre linjer ut parallelle + sideteikn. Dette er vanskelig i ulendte terreng, men trenar ein så blir ein flinke litt etter litt, det lønner seg å lære inn dette på opne gjorder. Denne forenkla modellen blei det tre i staden for to på grunn av isen og vinden. Skal prøve å få filma ein full versjon på eit gjorde for å vise fram litt meir av momentet.