Vi gjer det som er kjekt i kvardagen !

Korleis bli god på markering, og kva mal skal vi forme oss etter.

Eg har jo hatt litt panikk fordi eg synast vi ikkje er flinke på markering eg og Plask, å ja det kan være heilt ok med litt panikk slik ein klare å sette fokus på kva ein skal jobbe med.

Det som for meg og Plask er viktig, det er å ikkje gå for fort fram og ikkje tru vi kan det vi ikkje kan.

Eg er streng med meg sjølv, det vil sei eg skal legge opp slik vi blir veldig flinke i lag, og må sørge for målbar progresjon, ikkje sjå i mellom fingar med feil, alltid trene slik eg vil ha det, ja så lett å så kjekt, eg kosar meg med den jobben.

Trena ein nok på det ein vil ha så for ein det, trenar ein mykje på det som ein ikkje vil ha så for ein det også, så såre enkelt er det å trene hund.

Eg fokusera heller no på korte avstandar å at vi lukkast skikkeleg, etablerer rutinar vi kan være fornøgd med, det handlar også om å bygge opp markering slik vi løyser det meste effektivt OG DET VIKTIGE SAME VEG HEIM !! Dette med korte avstandar for å bygge opp rett adferd, er lurt å trene ein god del og det  klare ein sjølv ved å kaste rett fram sjølv. Eg brukar mykje naturlege hindringar som eg finn i skogen for å trene på dette med rett heim same veg.

Bud nummer ein er samarbeid som eg sikkert har skrive om før, men det er like aktuelt i heile hundens levetid. La meg sei så enkelt, slutt å mas på hund, ikkje kommander her og der i eit sett.

Eg lar berre hundane være tilstade på fot og når dei er på vent på jobb så er komadoen fot, eg har kutta ut sit, det for dei velje vist dei vil sitte å vente, elles så er det avlevering i front inn i posisjon utan kommando. Her må ein kjenne sin hund og eg kjenner nesten Plask no å veit korleis ho oppføre seg rundt meg. Eg har opplevd at eg masser på min hund for å få henne til å sitte, det kan være det er blaut eller ho synast ho misser litt oversikta kanskje, veit ikkje, men her har eg skifta til ein hyggelegare rutine utan mas, mine hundar velger  om dei vil sitte eller stå på fot.

Ein må bli kjent med sin hund og etablere rutinar som fungera, ein skal være like fast ved fot uansett om ein sit ligg eller står. Etter som eg har endra meg her ser eg faktisk at mine hundar er flinkare til å fokusere rett fram når dei står. Her er ein post frå Bergen i haust, den oppgåva løyser vi frå ståandes, men legg merke til avslutninga, her er det ingen kommando, Plask går naturleg rundt og finn sin posisjon ved fot og eg koble henne.