Kva skal til for å lukkast, eg må stille meg sjølv det spørsmålet nokre gangar til, hull i treninga, ja ja.. der har eg, og korleis klare å komme framover utan å bryte ned igjen.. kunsten er å være individ trenar.

I helga har eg vore på kurs med Monica Kvernberg, konkurranse kurs i Lp. ( Monica er jo som dei fleste veit på landslaget i LP, og kan vise til resultat på fleire hundar.) Så nøklar for å knekke koder har ho og derfor sjå litt korleis dei trenar dei som er på det høgaste nivået kan ein lære av.

Viktig for meg å  ikkje gå på kopi dagen der på med tilpasse til sin hund. Hundar er  ulike som oss, derfor er det viktig å prøve å feile litt også, men har ein ønskje om å konkurrer litt så må trening forbetrast, det skal være moro å trene hund, klare å komme over diverse kneiker i treninga..

Monica er flink, ho er  perfeksjonist i LP treninga, og er snar til å rettleie hund til å gjer rett, ikkje la hund sjølv være uengasjert, vi må være på å heller ikkje være uengasjert, men gi masse av oss sjølv verkeleg gi gode tilbakemeldinga som hund går litt i taket av  🙂  

Tipse som eg skal prøve ut er å feile hund litt oftare, og gi beskjed at beklagar dette var ikkje bra nok..

Det eg har gjort tidlegare er å restarte utan belønning, ja det forsettet eg med, men eg vil no gi ein kort beskjed at beklagar her må du skjerpe deg.

Det andre er å rose også litt når eg trenar «fot» ikkje berre belønne no å då når hund går perfekt, men ros gi litt positive tilbakemeldingar for å holde fokuset og korrekt posisjon lenge lenge. På «fot» momentet har eg vore litt for redd til å lage så mange hjelpe signaler så vi kan bli avhengig av på prøve.  Teste dette hjelpetiltaket skal eg på begge hundane.

Det var Plask som var den utvalt til dette kurse, vi var 8 stk som deltok på kurset og vi var ca 15 minuttar på kvar enkelte så bytte vi på, det som er lærerikt for oss alle er å sjå på problemløysing og tips til alle, då alle jobba med forskjelleg tema, derfor blir det bra påfyll i verktøykassa etter ei slik helg.

Det eg valte som tema til Plask var ruta, det var stå under mars og det var innkalling med stå i tillegg fot trening. I tillegg kjeda eg tre øvelsar, då konkurranse likt,  eg valte  fot, apport, avstand kommandering, kl 2 momenta.

Tilbake meldingane på apportering var også kjent for meg, litt uro i munnen + vi skunda oss på avleveringa, så om eg har jobba med dette så må eg jobbe endå meir her med apporteringa på Plask.

Innkalling med stå kommando «verbal» var også noko eg fekk gode tips på til trening.

 Plask kan desse momenta, men langt frå godt nok, det dukkar opp små feil som eg vil ha lavar  prosent på i trening.

Måle er å ligge 8 + på ei konkurranse og då kan ein ikkje sjå på små feil på treninga