Moro, som eg har nemnt tidlegare skal det være moro å trene hund, ja trene til det sitter 🙂

Eg har fokus på lp- stemnet om eit par veker.. men felle for fristelsen å trene det eg liker aller best nemleg apporteringstreninga.

Lp er vanskeleg for meg, eg liker det jo, men det krevjast så mykje trening skal ein bli god der også, så eg prioritetar kanskje litt feil i oppkjøringa til stevne. Eg har god tru på at eg skal få det til over tid, men erfarings messigt opplever eg at det tar litt tid å bli god i lp .. men fine tankar om slutt resultatet har eg!

Apportering er moro, synast at alle burde hive seg rundt på å trene litt av det, din retriever fortener det ! OPS, dette er tull eg veit at eit slikt utspill kan føre til ballgalne, pinnegalne, dummygalne hundar, jepp.

Eg blei så fasinert av rally-lp sporten, spesielt dette med ny bane ved kvart stevne, ja litt slik er det på jakttrening også med meg no. Tenker meir plan og oppgåver som eg utføre med hundane når eg trenar og eg har alltid ein plan når eg går ut for å trene apportering, alt frå kor mange dummy eg tar med ut, til kvar dei skal stå og kvar vi skal gå fot.  Eg teiknar treningsbaner som på rallytrening, og setter saman momenta (innen apport) gevinsten er at eg då trenar slik hund kan løyse oppgåver i alle retningar og ikkje berre rett fram.  Momenta skal så klart være på plass, eg brukar då det hunden kan + litt til for å få progresjon.

Så kort med treningsbaner har eg alltid for hand.

Eg har to hundar eg trenar og eg gir dei to opplegg, eller av og til kjøre eg kopi på Plask, ho kopier Bjørk, men dette gjer eg berre når eg er langt frå bil og trenar etter ein gå eller sykkeltur.

Plask skal ikkje gjer ting ho ikkje kan, då lure ho meg og eg oppdagar då litt seint at ho ikkje kan det eg trudde..

Bjørk sine dummy fra gårsdagen eigentrening, til Bjørk plasert eg ut alt blidt i går, ja ho er eit råskinn 🙂 og eg er ganske stolt av den hunden !


Her er ein lang film av Plask og meg, eller ser ein på minutta så ser vi kor kort trening som skal til for å ha ei god økt med trening, ein treng ikkje så mykje tid for å trene god kvalitet.  Vi går alltid på fot og eg vil ha ro i jobben, belønnar hund gjer eg også, måle er at arbeidsmoralen skal bli så god at ho går rett ut når eg peikar uansett om ho er trøtt, sliten fysisk eller mentalt. Vi trenar utholdheit, det treng Plask, ja kanskje fleir enn ho 🙂

Når ein for inn skot, makker, kast osv. stiger ALLE hundar i intensitet då er det veldig viktig at vi har kontrollen på plass og hund ikkje skur seg rett til himmelen med ein gang. Så så Plask har både fart og høgare intensitet i ein meir spent situasjon, ja det veit eg ! Så måle er å skolere, jobbe med detaljer lenge! ja det skal være moro 🙂