Repeter,  repeter det ein vil bli god på, terp til det sitter og hund blir trygg på oppgåva.

Eg ser dessverre alt for ofte både på mine eigne og andre sine hundar at vi forventar meir enn vi har lært frå oss.

Mal å jobbe etter må ein ha, også mål, så er det å klare å måle om det blir progresjon.  Måleverktøyet er prøver 🙂 he he vi kan aldri bevise at vi har progresjon utan å stille hund.

Likevell bør ein ha ein følelse om det er progresjon i treninga eller vi står på stede.

Bjørk har passert 5 år og er mit i live som konkurranse hund, ja ho bør være ferdige med medium klassene og holde seg i topp klassene inne hundesport om det er rally, lp, wt  eller jakt.

Då er det dette klare ho det, klare eg det ? eg har slutta å tenke på det, vi har det veldig moro i lag og det Bjørk viser meg av det ho kan helde lenge for meg no, om vi ikkje klare oss på prøve så betyr det ingen ting lenger, no er det å leve å ha det som plomme i egget og gjer det som gir livet meinig som eg viktig for meg.  ( det er det som er viktig for Bjørk også)

I går tenkte eg litt trening på Plask, ja ho er høyløpsk, men trenge litt trening, eg tør ikkje ha ho laus eller trene henne laus utan om i hagen, på denne tida har jo hannhundane allereie henne i sikte  🙂

Linjer med hopp over gjerder er ein fin måte til å lære holde linja, sjølv om alternativet er 2 meter til sides utan å hoppe over gjerde. Malen min å jobbe etter er , det vi gjer mykje av for vi, rakelinjer ut og tilbake, ja det etablera vi. Ps. Ja eg er sterg med meg sjølv som planleggar og alle feil blir retta, det vil sei ikkje fullfør feil adfred, bryt å start på nytt, ingen belønning for restart, aldri !

Og sidan eg hadde plassert opp gjerder, så fekk Bjørk ei lita lyn trening før eg tok vilt trening på Plask, som var hovudmålet med Plask sin trening.

Gjerder kan jo brukast til veldig mykje, eg nemnte på ein tidlegare blogg innlegg dette med å få rett vinkel ut frå stopp « H eller V»!  Ja det kunne eg skrive litt om, det har ikkje blidt, men sjå denne filmen av Bjørk og tenk litt trening  og 90 grader, poenget er at i starten skal vinkelen ikkje gå mot meg eller frå meg, men i 90 grader.  Så litt pugging på dette med må til skal ein bli god, ja vertifall på trening 🙂 hi hi.. ja det helde for meg, det er min lykke pille!

Ei stund litt seinare på dag, tok eg ein blind trening på ei litt større mark enn plenen min, Bjørk var så tidleg i løpetida at ho var normal endå. Då hadde eg meg ei som filma for å sjå korleis det gjekk, det var 6 apportar som skulle inn, eg viser dei 4 første, eg har alle seks på film, men filmen blir så lang at ingen gidd vell sjå så lenge, ho som filma sa eg måtte redigere inn fart, men det verken kan eg eller vil eg gjere.

Her blei alt plassert medan Bjørk låg i bilen, denne oppgåva var vanskelegast for meg som skulle vise Bjørk veg, eg såg jo ikkje kvar eg hadde sett dummyane ned, men flaksen var på min side !

Ja eg er litt stolt av dei sideteikan og ikkje minst vinkeln som ho går ut frå stopp på, jepp slike jenter like vi !